Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Lim

Printer-ikon  Utskriftsvennlig versjon

Problema med å finne fram til eigna lim og å få festa etikettar på en tilfredsstillande måte er av praktisk art. Riksarkivaren har difor utarbeidd ei rettleiing til hjelp i dette arbeidet.

1. Etikettar på arkivboksar

Eit tapetklister for våtrom vil eigne seg bra. Dette kan ein få ferdig eller i pulverform som må tilsettast vatn. Klisteret kan fortynnast med litt kaldt vatn, men ikkje for mykje. Det skal ha konsistens som graut som er lett å smøre utover.
Plastlim (sjå nedanfor) kan også nyttast, men klister er lettare å arbeide med.

2. Etikettar på protokollar og bøker

For å sette etikettar av papir eller lerret på protokoller eller bøker må du bruke plastlim. Det fins to typar som eignar seg, PVAc-lim og fotolim:

  • PVAc-lim: Det er surt, men du kan likevel bruke det til etikettar fordi surhetsgraden ikkje er høg. Det kan ikke nøytraliseres.
    Bindflex 1161 frå National Lim Norge A/S, Oslo, er et eigna lim basert på PVAc. Det kan kjøpast frå produsenten i større mengder, men vert seld også i mindre pakningar ned til ½ kg fra A/L Biblioteksentralen under navnet Biblioteklim. Dette limet bør fortynnast med vatn. Endå mindre kvanta får du kjøpt hos Sløyd-Detaljer, 3410 Sylling.
  • Fotolim: Det har god klebeevne også på dei fleste glatte flater. Det vert produsert og markedsført av Krystal A/S, Drammen. Limet er imidlertid surt og må tilsettast ein buffer (nøytraliserande tilsettingsstoff). Etter avtale med Riksarkivet kan produsenten gjere dette med kvanta ned til fem liter. Limet skal ikkje fortynnast.

Plastlim eignar seg ikke til antikvariske bokbind, fordi etikettane truleg ikkje kan fjernes utan at underlaget vert skadd.

3. Framgangsmåte

Etikettane vert lagt på eit rommeleg papirunderlag, f.eks. ei gamal avis. Med flat eller rund pensel skal eit passe lag lim eller klister smørast på. La etikettene kvile ein lita stund til dei vert heilt slappe (som ved tapetsering), men ikkje la klebestoffet begynne å tørke. Stryk etikettane lett på med handa, legg eit reint papir over og trykk dei fast. Etikettane kan lett gå i stykker dersom ein gnir dei hardt.

Limen tørkar på 1-2 timer, men klister må tørke natta over. Lim og klister tørkar raskare dess meir ein tynnar det ut, men klebeevna vert då dårlegare. Lim er ikke vannløyseleg når det har tørka, i motsetnad til klister.